Vi har ledig ei fast stilling i 20 % som kulturskulelærar innan dans ved Hareid musikk- og kulturskule frå 01.08.2026. Vi søkjer ein dyktig og engasjert lærar som ønskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Hareid musikk- og kulturskule held til i lokale ved ungdomsskulen i kommunen, men undervisninga i dans finn stad på Hareid skule. Skulen har i dag 3,65 årsverk fordelt på 11 tilsette og har ca 230 elevar.
Undervisning i dans på ettermiddag/kveld.
Det er ønskjeleg med minimum bachelorutdanning innan dans med kunnskap, erfaring og bakgrunn i danseformene hip-hop, ballett og pop-dans.
Vi ønskjer at du har praktisk-pedagogisk utdanning, eller tilsvarande pedagogisk utdanning og relevant praksis
Andre med relevant utdanning/praksis, kan bli vurderte til stillinga, om vi ikkje får søkjarar som tilfredsstiller krava for tilsetting etter Rammeplan for kulturskulen kap. 4.1.2. Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 17-11.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du må søkje digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Lies authentische Bewertungen – dazu brauchst du nur ein Glassdoor-Konto. Bewirb dich nur auf Jobs, die wirklich passen könnten!